torsdag 11. august 2011

Tur til Horgabu!!!!

I sommerferien skal ein gjera alt ein har tenkt og litt til....men slik blir det aldri...men ein ting so har vore på lista i mange år er ein tur til Horgavatnet og til hytta der Horgabu!!No inviterte eg med svigerguten Rune og det var ikkje nei i hans munn...me hadde på førehand vore til Eilef og henta oss nøkkel til hytta.....me parkerte på Bød`n (Lygre) og tok ut opp etter Kleivane og passerte Karikleiva og ned Døso.....kjekt med alle desse lokale navna,må berre passa på slik at dei ikkje dett ut.....Me kom ned til innerste enden av Stevatnet og fortsette innover med elva til Taskedalstjødna.....passerte Løkjen og nerma oss sakte men sikkert stemma ytterst ved Horgavatnet...eg veit kor vanskelig det er å gå langs vatnet inn mot hytta men måtte jo vise den yngre garde kor tøffe me var då me vaks opp.....det gjekk fint,for det var strekkt opp ein wire som ein kunne holde seg i.Det var fanastisk å sjå hytta igjen etter ca 30 år.....heit utrolig kor tida har gått!!!Det vart ikkje overnatting denne gongen ,kanskje ein gong seinare ,,trur nok Rune kunne tenkt seg å hatt kone og barn med seg inn der ein gong!!Heim att tok me turen utom Skukkane og såg ka so foregjekk der.....

1 kommentar:

Linn Therese sa...

Om ikke dette betegnes som tur i skog og mark er det ingenting som gjør det, :) Finfin tur med godt selskap og flott natur, Hilsen Rune :)