søndag 18. mai 2008

Hovlandsnuten




Hovlandsnuten

Ja so vart det tur til Hovlandsnuten på Tysnes igjen.det har vore endel snø,men no var det fint å gå.
Robert Andre vart med, og det var jo hyggelig.Det er alltid kjekt å vera fleire.Me starta frå Skaret og gjekk via Vasstølstjødno,og turen opp gjekk unna på litt over ein time.Det bles kaldt på toppen attmed varden,so det vart bruk for både hua og vottar.Det vart sendt sms heim då me var komne opp, og fekk til svar at då skulle Torill og Nina Merete akkurat til å gå til Stussvikhovda.Dei hadde møtt ein heil gjeng som var på tur,det var jo eit nydelig ver.