mandag 10. august 2009

Såtetrim

























So var det Såtetrim igjen!! Det er vel ikkje alltid like kjekt å gå i kø i naturen,men når det gjelder Såtetrimmen so blir det litt annleis.Det var eit heilt greitt ver for fjelltur..lett overskya...men det var meldt regn ut på dagen....og slik blei det.Det var mange som hadde funne vegen til Myrdal og Tysnessåta.....nærmare 350 stykker.









I år var det fruen som vart med på tur, og vi møtte endel kjenninger på vår veg opp!!Det vart rømmegraut og saft på toppen og som vanlig smakte det fantastisk!!