søndag 21. september 2008

Svartavatnet.






So var turen kommt til Svartavatnet. Dette er ein heller lett tur.Ein startar i Grønevika ,eit lite stykke innafor Gjermundshavn, mestedelen av turen går på flott traktorveg,kanskje litt kjedelig for oss som likar litt kuperte terreng. Har ein liten mistanke om at her finns det "snarveier " for dei som er kjent her inne.Ellers ein grei tur ,fin utsikt mot Kvinnheradsfjella!

søndag 14. september 2008

Melderskin!!






Har hørt mykje om Melderskin ,spesielt om kor flott utsikt det er der oppe ..Dette måtte jo sjekkast opp i!!!Robba og Silje hadde jo allerde vore der ,so me hadde fått litt"fakta" om turen opp.Me tok ferjo over og kjørte til Kletta,det var underteikna og fruen so var på tur i dag, og starta turen oppover,det var forresten fleire som hadde samme mål!!! Været var fantastisk,flott sein sommarsvær!!

Ein må vel sei at det var ein smule bratt første stykket...so kom me til ei steinrøys og den varte vel stort sett til me var oppe til varden! Men duverden for ein følelse det var og komma opp og sjå fjellformasjonane sør og øst for varden !!Me rasta ei lita stund for so og tassa oss ned att.Ned turen er vel vel so tøff so oppturen vil eg vel sei.men det var ein alletiders fjelltur!!!



søndag 7. september 2008

Blånuten og Vareggja!!






Lørdagen kom med ett nydelig ver ,og den måtte brukast med fornuft .Det måtte bli fjelltur,og valget fallt på Blånuten og Vardeggja.Starta frå Tveitane ,det er greitt å gå da det er traktorveg eit heilt stykke oppover. Begynte så vidt på myrane ,men såg fort at her hadde det skjedd store ting sidan sist vi var her......Lars`n hadde båre stein til den store gullmedalje!!!!!!Det er berre eitt ord som dekkjer dette ....IMPONERANDE !!!! Kor mange timer so er nedlagt her er vel berre han so veit , men flott er det iallefall blitt.Vel oppe vart det klipping av kort og skriving i boka. Me fortsatte til Vardeggja,men det var litt fuktigare det ,litt meir kronglete og tevakse.
Vel oppe nytte me vår medbrakte sjokolade og såg på den fantastiske utsikten te alle kantar.So var det å tassa seg heimatt ,det var egentlig ein grei tur:)