søndag 19. oktober 2008

Våt haust tur til Hovlandsnuten






Veret var vel ikkje so mykje å skryta av men,men....det regna ikkje heile vegen opp ,men det var ikkje langt ifrå.Me gjekk frå Skaret og forbi Vass-støltjødno og opp Sandlopeskaret ,nesten oppe var det ganske mykje skodda og vind.Me fekk melding frå mamma mens me var på tur og ho var på tur med Bonny til Stussvikhovda!!!

søndag 12. oktober 2008

Ølveshovda





Ølveshovda sto for tur i dag...det var med litt blanda følelse me starta idag ,kyrkjeklokkene ringte so da ljoma då me passerte kyrkja i Ølve!!Me gjekk"gamleveien" forbi Loshuset og oppetter mot skogkanten...det var veldig våt og fuktig oppetter stien,den ligna vel mest på ein bekk stundevis....her har "Ølvesane" ein jobb å gjera!!Litt grøfting og pukking hadde gjort seg.

Ellers var vel turen grei.....ikkje den aller beste utsikten ,veret var so grått!!Me tar gjerne turen oppatt ein gong da e turrare!!

søndag 5. oktober 2008

Skagatjødno






I dag kjørte me til Hatlestrand ,nærmare bestemt Veravågen..Målet var Skagatjødno , ei lita koselig tjødn oppe i skogen. Ein går på traktorveg omtrent heile vegen .det er kanskje litt vel enkelt når ein aller helst har lyst å gå litt i terrenget.Me møtte på endel hjortajegerar men om dei hadde skote hjort veit me ikkje.Ein grei tur alti alt!