4 og 7 fjellstur 2015
Det vart ein litt spesiell 7 fjellstur i år, med rikelig med regn i forkant...hadde jo håpt at det skulle turka litt den siste veka før turen, men neida....det var skjikkelig sølete og sørpete å gå!!!
Robert Andre ville vera med i år for første gong..og det var jo kjekkt. Me starta i sjutida frå Gravdal, og det var det visst månge andre so hadde gjort og ,slik at det vart køtendenser i trappa opp til Lyderhorn i år og.. ellers gjekk vel turen greitt med litt pauser innimellom som seg hør og bør..
Torill, Nina og Mats skulle prøve seg på 4 fjellsturen det vart ei heller tung oppstigning til Ulriken og det vart vel og litt vanskelig nedatt,då dei valgte å gå Skaret på grunn av sleipt underlag Nina og Mats valgte då å avslutta turen ved Montana på grunn av vonde bein og rygg.....Mamma Torill fortsatte,
me såg ho ikkje igjen før me var i mål i Marken , ho hadde forresten følgje med Linn Therese og Astrid det siste stykke inn mot mål...og dei tre danna mottakskomiteen for oss to som kom i mål litt seinare..