søndag 10. juni 2012
Tur til Hovlandsnuten
Første pinsedag 27 mai var ein veldig fin dag....ein fin dag å gå på tur,og det vart bestemmt at målet var Hovlandsnuten!Me starta med godt mot,Henrik og Elisabeth, Linn Therese og Rune og Torill og Atle ...dei første fire hadde ikkje vore på " Nuten " før så dette var spennande!...Møtte endel folk so hadde vore til Vasstølstjødno å grilla samt nokon so hadde vore oppe på toppen. Det vart etter kvart litt vel bratt for Elisabeth so ho fekk haik med forskjellige! Henrik stod på og klarte nesten heile oppturen...vart ein liten ridetur på ryggen til pappen sin ett lite stykke! Det var stor stas å komme opp i snøfonnene å få kasta litt snøball på kvarandre,det var vel enkelte so fekk litt meir snø nedmed ryggen enn andre.....me hadde oss ei flott stund på toppen attmed varden der me kosa oss med nista og sjokolade og andre godsaker! Turen nedatt gjekk fint og eg trur nok att me komme te å gjenta denne turen fleire gonger i sommar!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar