onsdag 19. november 2014

Ramnanuten

Me er jo blitt litt " kritisert"for at me ikkje finne nye plasser å gå....det er jo så lettvint å berre ta turen til Stussvikhovda..!!
Men idag skulle me prøve oss på ein ny plass, litt av grunnen er jo at Harding Safety har sett ut en del postkasser i næromradet...fint tiltak foresten ..;)  Turen gjekk til Våge på Tysnes...me parkerte ved skule og tok fatt på stien oppover mot Ramnanuten.....det var ein grei tur med litt forskjellig sti...litt steinete og litt kupert,men med ei flott utsikt utover Våge-bygda og utover Bjørnefjorden....det er visst mulig å gå ein annen sti nedatt,men det visste ikkje me så me traska ned att samme vei som me kom opp









Ingen kommentarer: