So var dagen her....3 juni....det betydde tur over de 7 fjell...haddde vel grugleda oss i ett år no!!!
Nytt i år var jo at det ikkje berre var eg og Rune so skulle gå ,men att Torill ,Nina Merete Linn Therese og ikkje minst Henrik og Elisabeth skulle prøve seg på 4 fjellsturen!!!
Me kom oss or "bingen" klokka 4 , ja du leste riktig.....Eg og Rune starta frå Nutec klokka 5.30 og Torill og Nina Merete starta frå Bjørnsonsgt klokka 6.30....Linn Therese , Henrik og Elisabeth starta litt seinare og gjekk mot Fløien der dei møtte Torill og Nina Merete og der hadde dei følgje resten av turen med innlagte ispauser og kose stund på Rundemannen....Linn Therese fortsatte mot Ulriken då dei komm ned att til byn slik at ho fekk med seg alle fire toppane.....Eg og Rune visste jo ka me gjekk til denne gangen, men me såg kanskje litt stort på ting og starta vel litt vel optimistisk noko so resulterte i litt kramper og vonde knær......me komme sterkare igjen til neste år!!!"men alle var samde om at det hadde vore ein gild tur"
søndag 10. juni 2012
Tur til Hovlandsnuten
Første pinsedag 27 mai var ein veldig fin dag....ein fin dag å gå på tur,og det vart bestemmt at målet var Hovlandsnuten!Me starta med godt mot,Henrik og Elisabeth, Linn Therese og Rune og Torill og Atle ...dei første fire hadde ikkje vore på " Nuten " før så dette var spennande!...Møtte endel folk so hadde vore til Vasstølstjødno å grilla samt nokon so hadde vore oppe på toppen. Det vart etter kvart litt vel bratt for Elisabeth so ho fekk haik med forskjellige! Henrik stod på og klarte nesten heile oppturen...vart ein liten ridetur på ryggen til pappen sin ett lite stykke! Det var stor stas å komme opp i snøfonnene å få kasta litt snøball på kvarandre,det var vel enkelte so fekk litt meir snø nedmed ryggen enn andre.....me hadde oss ei flott stund på toppen attmed varden der me kosa oss med nista og sjokolade og andre godsaker! Turen nedatt gjekk fint og eg trur nok att me komme te å gjenta denne turen fleire gonger i sommar!!!
tirsdag 31. januar 2012
Tur til Veten i Åsane
lørdag 20. august 2011
Bedrifts-trim ved Umoe Schat Harding
I løpet av våren 2011 har det blitt en heil del turer i regi av bedrifts idrettslaget ved Umoe Shat Harding.
Det har jo variert en heil del med antall og kven som har gått,men det har blitt ein god gjeng!!
Turane har som regel gått på onsdagane og målet har vore lokale toppar på Hatlestrand og Ølve, men ryktet går om at det blir nye og spennande mål denne sesongen!
Legg ut litt forskjellige bilder frå dei ulike toppane og håper at turgåarane ikkje har alt for mykje imot å bli publisert på " nettet".Vil med dette få takke initiativtakerne for hyggelig avslutning med boller og kaffi på Blånuten siste turen i ausande regn og vind!!!
Håper det er mange som stiller til hausten og at alle føler seg komfortable med fart og distanser !
God tur!!!!
Det har jo variert en heil del med antall og kven som har gått,men det har blitt ein god gjeng!!
Turane har som regel gått på onsdagane og målet har vore lokale toppar på Hatlestrand og Ølve, men ryktet går om at det blir nye og spennande mål denne sesongen!
Legg ut litt forskjellige bilder frå dei ulike toppane og håper at turgåarane ikkje har alt for mykje imot å bli publisert på " nettet".Vil med dette få takke initiativtakerne for hyggelig avslutning med boller og kaffi på Blånuten siste turen i ausande regn og vind!!!
Håper det er mange som stiller til hausten og at alle føler seg komfortable med fart og distanser !
God tur!!!!
torsdag 11. august 2011
Tur til Horgabu!!!!
I sommerferien skal ein gjera alt ein har tenkt og litt til....men slik blir det aldri...men ein ting so har vore på lista i mange år er ein tur til Horgavatnet og til hytta der Horgabu!!No inviterte eg med svigerguten Rune og det var ikkje nei i hans munn...me hadde på førehand vore til Eilef og henta oss nøkkel til hytta.....me parkerte på Bød`n (Lygre) og tok ut opp etter Kleivane og passerte Karikleiva og ned Døso.....kjekt med alle desse lokale navna,må berre passa på slik at dei ikkje dett ut.....Me kom ned til innerste enden av Stevatnet og fortsette innover med elva til Taskedalstjødna.....passerte Løkjen og nerma oss sakte men sikkert stemma ytterst ved Horgavatnet...eg veit kor vanskelig det er å gå langs vatnet inn mot hytta men måtte jo vise den yngre garde kor tøffe me var då me vaks opp.....det gjekk fint,for det var strekkt opp ein wire som ein kunne holde seg i.Det var fanastisk å sjå hytta igjen etter ca 30 år.....heit utrolig kor tida har gått!!!Det vart ikkje overnatting denne gongen ,kanskje ein gong seinare ,,trur nok Rune kunne tenkt seg å hatt kone og barn med seg inn der ein gong!!Heim att tok me turen utom Skukkane og såg ka so foregjekk der.....
torsdag 2. juni 2011
7 fjellsturen 2011
Søndag 29 mai vil vel stå som ein veldig spesiell dag for Rune og undertegnede......me hadde nemlig meldt oss på 7 fjellsturen,og det gjekk vel aldri heilt opp for oss kor langt detta egentlig var!! Nøkkeltall er tre og ei halv mil og totusenfirehundre høgdemeter og ca åttetusen deltagere..... femtusen på 7 fjellsturen og tretusen på 4 fjellsturen!!!
Me fekk hjelp av Linn Therese med transport til Gravdal på Laksevåg,der me skjønte at me slett ikkje var åleine....mange var allerede i gang med første topp...Lyderhorn..det gjekk greitt oppetter bakkane heilt til det var bom stopp...kø...det var litt uventa,flaskehals midt i skauen..etter ei god stund kom me oss jo vidare..med masse vind og korsang fekk me klyppt korta våre på første topp...så var det vidare til Damsgårdsfjellet....der det også var korsang i sterk vind!!Me hadde også ein liten rast med brødskive og medbrakt blomkålsuppe på termos...det smakte fortreffelig!!!....vidare til Løvstakken .....en smule bratt og sølete...det var det forresten store deler av trassèen!!Ned frå Løvstakken var det også kø......lurer litt på om ikkje det hadde vore mulig å laga til allternative ruter ein slik dag med so masse folk so vil ut på tur..?
Me nærma oss bygatene igjen no, og det vart sendt bud på hjelpere som kunne ta seg av skjitne sko og diverse....det gjorde godt med ein liten stopp !!
No sto Ulriken for tur ,langt der oppe såg me jo masta....måtte jo gå detta og,og etter ein lang tur oppeter fjellsida endte me opp bak masta på Ulriken ,etter ein liten rast var det å komma seg vidare mot Fløyen ...men først skulle me nedatt mot Haukeland Sjukehus, og det var litt av ein nedtur....våte skjitne skarv,,,dærlig kombinasjon spør du meg,men det gjekk heilt greitt.
Opp til Fløyen var det å gå på asfalt,vanligvis likar ikkje eg å gå på asfalt,men no var det balsam for trøtte gamle føtter!! Fløyen dukka plutselig opp bak ein sving og kjekt var det for no visste me att sisste oppstigninga var gjennomført,resten var jo berre barnematen hadde me høyrt......jaja det var jo ein sannhet med modifikasjoner!!!Neste mål var Rundemannen,den skulle liggja rett bortenfor Fløyen, det viste seg at det var eit heilt stykke å gå,men fortsatt var det asfalt eller grusvei å gå på ,så det gjorde det jo ein smule enklare å gå.Men no var det berre nedover ,men no var me tilbake til søle og store steiner og heller vanskelig å gå,men me klarte på mirakuøst vis å komma oss nedover til Sandviksfjellet der me fekk ei heil Vestlandslefse kvar ,og etter kvart nærma me oss bebyggelsen igjen ...no starta sjarmøretappen.....men me var so våte og skjitne at me klarte vel ikkje heilt å nyte det før me såg teltet til Turistforeningen i Marken og me kunne motta Diplom og Tskjorte ......"me var samde om at det hadde vore ein gild tur"....og at det heilt sikkert vart eit år til neste gang...ikkje sant Rune!!!!! Me får sjå....håper det blir litt finare vær til neste år!!!
søndag 25. april 2010
Snaueggjane og Stussvikhovda
Det gleder ein turglad morfar når ein pjokk på tre og eit halvt år lurer på om "me skal gå lang tur på fjellet".Turen i dag gjekk til Snaueggjane! Me parkerte bilane på Berge og gjekk rolig opp over mot skogen...det var masse som skulle sjekkast ,pinnar og makkebesj,kongler og steiner som skulle ploppast i bekken! Elisabeth på nesten to år gjekk lange stykker oppover,men vart litt trøtt så ho fekk kvila på pappa Rune sin rygg ,der ho sov seg ein liten lur.Henrik var veldig flink.og gjekk mesteparten av veien.Me koste oss allesammen på toppen med kjeks og appelsin og ein liten sjokolade.Heim igjen gjekk det veldig flott ,me må og få nevna at i går var me alle sammen til Stussvikhovda men me har jo allerede fortalt om kor kjekt og flott da e å gå der.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

