torsdag 25. juli 2013

Preikestolen 19 juli 2013

Jaja...åleina var me no iallefall ikkje......det var ganske månge so hadde tenkt seg på Preikestolen denne dagen i juli....Ein har jo både hørt mykje og sett mykje om denne Preikestolen og no skulle detta sjekkast ut!!!Litt usikre på kor ein skulle reisa for å nå målet ,måtte ein jo sjekka både kart og gps, men fram fant me!! Me skjønte jo fort at dette var ein populær tur då me såg alle bilane på parkeringsplassane.....me starta freidigt men det vart stort sett å gå i kø....kollosalt mångr språk og dialekter opp igjennom urane....joda det var ei fantastisk oppleving å komma utpå kantane for å sjå dei små båtane nede i Lysefjorden....men kunne godt tenkt meg ein litt meir ensom tur kanskje!!!Komme sikkert igjen ved ein seinare anledning!!!








7 Juli 2013.....Tur til Steinen


Endelig skulle me prøva oss på Nessteinen eller som dei som er kjente i området seier ..Steinen!!
Me starta på Nybru ,ett lite stykke innafor Mundheim....turen går på traktorvei ett heilt stykke oppover .men går over på skogsti oppetter ei litt bratt li.   Etter ei stund komme ein til eit lite fint vatn med det flotte navnet..Vatnadalsvatnet!...her følge ein stien som går langs vatnet og i enden av vatnet byrjar moroa....her blir det litt vanskeligare å komma fram,men med litt innsats so komme ein seg opp og ein får godt betalt for innsatsen!!! Duverden for ein utsikt ..først ser ein nordover mot Mundheimsdalen,og går ein heilt til toppen ,ser ein ned over Hardangerfjorden .Ein tur ein so absolutt vil anbefala!!!







søndag 9. juni 2013

Stolzen.....

Har jo hørt mykje om Stolzen....om kor bratt og tøff den er og dette måtte jo testas!!
Nina Merete hadde gått den med joben sin so ho skulle væra "goueid"...Me parkerte ved Sandviken Sykehus og la i veg innover ..og litt oppover...så fant me startpunktet til Stolzen ,dette er ett mesterstykke av ein tursti  fantastiske stier og trapper...og her kan ein vel sei at det er i motbakke det går oppover!!!!!Makan....!!  Men opp kom me og den utsikten ein fekk ut på kanten der oppe den må berre opplevast!!!!






Så var det 4 og 7 fjellstur igjen ,og i år var det Nina Merete og Torill som ville gå 4 fjell og Rune og Atle som igjen ville prøva seg på alle sju......Dagen starta veeeldig tidlig ....03.30 i Stussvikjo....kjørte til bydn og henta Rune i Åsane..og Nina Merete på Danmarksplass.....så var me i gong!!!
Dagen starta med masse skodda og den letta vel egentlig ikkje før i 12 tida......det er ikkje so veldig mykje å fortella om turen ,det gjekk greitt med begge laga ,me forbedra tidene våre allemann....Nina Merete var vel ikkje heilt fornøgd med fargen på t skjorta i år heller,så då må det jo bli tur til neste år og....!!!








lørdag 6. oktober 2012









Jaja so var det Såtetrim igjen.....årets høgdepunkt,og i år hadde vi med oss forsterkninger.
det var første gang for Linn Therese ,Henrik og Elisabeth ,men eg håper det frister til gjentakelse.
Været var ikkje av det verste ,litt vått enkelte plasser ,men heilt greitt å gå....grauten smakte like godt denne gongen som før.......det vanka også medaljer og flotte t-skjorter ....me kosa oss på tur som vanlig!!

søndag 10. juni 2012

7fjellstur /4fjellstur

So var dagen her....3 juni....det betydde tur over de 7 fjell...haddde vel grugleda oss i ett år no!!!
Nytt i år var jo at det ikkje berre var eg og Rune so skulle gå ,men att Torill ,Nina Merete Linn Therese og ikkje minst Henrik og Elisabeth skulle prøve seg på 4 fjellsturen!!!

Me kom oss or "bingen" klokka 4 , ja du leste riktig.....Eg og Rune starta frå Nutec klokka 5.30 og Torill og Nina Merete starta frå Bjørnsonsgt klokka 6.30....Linn Therese , Henrik og Elisabeth starta litt seinare og gjekk mot Fløien der dei møtte Torill og Nina Merete og der hadde dei følgje resten av turen med innlagte ispauser og kose stund på Rundemannen....Linn Therese fortsatte mot Ulriken då dei komm ned att til byn slik at ho fekk med seg alle fire toppane.....Eg og Rune visste jo ka me gjekk til denne gangen, men me såg kanskje litt stort på ting og starta vel litt vel optimistisk noko so resulterte i litt kramper og vonde knær......me komme sterkare igjen til neste år!!!"men alle var samde om at det hadde vore ein gild tur"

Tur til Hovlandsnuten

Første pinsedag 27 mai var ein veldig fin dag....ein fin dag å gå på tur,og det vart bestemmt at målet var Hovlandsnuten!Me starta med godt mot,Henrik og Elisabeth, Linn Therese og Rune  og Torill og Atle ...dei første fire hadde ikkje vore på " Nuten " før så dette var spennande!...Møtte endel folk so hadde vore til Vasstølstjødno å grilla samt nokon so hadde vore oppe på toppen. Det vart etter kvart litt vel bratt for Elisabeth so ho fekk haik med forskjellige! Henrik stod på og klarte nesten heile oppturen...vart ein liten ridetur på ryggen til pappen sin ett lite stykke! Det var stor stas å komme opp i snøfonnene å få kasta litt snøball på kvarandre,det var vel enkelte so fekk litt meir snø nedmed ryggen enn andre.....me hadde oss ei flott stund på toppen attmed varden der me kosa oss med nista og sjokolade og andre godsaker! Turen nedatt gjekk fint og eg trur nok att me komme te å gjenta denne turen fleire gonger i sommar!!!